Heim 
 

Download

Nedlasting rettlederen våre "EuroGasAuto GPL o Metano Edizione 2009/10"

 

Metan

Molekylstruktur for metan
Molekylstruktur for metan
3D-modell av eit metanmolekyl
3D-modell av eit metanmolekyl

Fakta

Lewis-struktur:

    H       |     H-C-H     |       H   
NamnMetan
Kjemisk formelCH4
Smeltepunkt-184°C
Kokepunkt-161,5°C
Formelvekt16.04
SynonymSumpgass, Metylhydrid
CAS-nummer74-82-8

Metan (CH4) er eit organisk molekyl som består av eitt karbonatom og fire hydrogenatom, med andre ord eit hydrokarbon. Strukturen er tetraedisk. Metan er det enklaste av alkana.

Innhaldsliste

  • 1 Eigenskapar
  • 2 Bruk av metan
  • 3 Førekomst og danning av metan
  • 4 Sjå òg

 Eigenskapar

Metan i gassform er lettare enn luft, fargelaus, luktfri og brannfarleg. Blanding av metan og luft kan vera eksplosiv og har mellom anna forårsaka mange alvorlege gruveulykker i historia.

I motsetnad til dei andre enkle alkana (etan, propan og butan) kan ein ikkje omdanne metan til væske ved høgt trykk. Metan kallast difor ein tørrgass.

Metan er i gassform under dei fleste tilhøve og reknast som ein av drivhusgassane. Metan er meir effektiv som drivhusgass enn karbondioksid.

 Bruk av metan

Metan brukast som varmekjelde i bustader og til forbrenning i industrien, mellom anna ved energiproduksjon i gasskraftverk. I Noreg er bruken av gass for oppvarming og matlaging i private bustader førebels ikkje så vanleg, men aukar stadig.

Metan er hovudelement i produksjon av metanol.

Som ein hovudkomponent i naturgass er metan nyttbart som drivstoff. Forbrenning av eitt metanmolekyl i eit miljø der oksygen er til stades, produserar eitt molekyl med CO2 (karbondioksid) og to molekyl H2O (vatn):

CH4 + 2O2 → CO2 + 2H2O

 Førekomst og danning av metan

Metan er eit av hovudelementa i jorda si atmosfære og spelar ei rolle under utforminga av nattlege skyer. Metan er óg eit hovudelement i atmosfæra rundt andre planetar, som til dømes Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Til tross for det låge kokepunktet på 162 minusgrader finn ein likevel metan i fast form som is på enkelte månar og planetar i solsystemet.

Metan dannast i naturen ved at organisk materiale (plante- og dyrerestar) råtnar. Ein får óg danna metan ved nedbryting av søppel og husdyrgjødsel, noko som har ført til eksplosjonsulykker og brannar på gardsbruk og søppelplassar. Som ein kuriositet kan nemnast at ei ku produserar i snitt 500 liter metangass i løpet av ein dag.

contributors by it.wiki / GFDL

 


Spot

Brukarinnlogging

Gjennomsøker inn EGM

Språk

Språkene hadde være delvis oversetter automatiske systemer derfor de at skal vel er ufullkomne
 
© Copyright by EGM Srl EuroGeoGrafiche Mencattini - Via Po n. 45 - 52100 Arezzo - Italia - Tel. +39 (0575) 900010 Fax +39 (0575) 911161 - P.Iva 01279550519

Web site designed by - CHG